25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

torsdag, mai 18, 2006

Hanne Marte svarte "JA"


16.mai kjem til å bli ein merkedag framover... For 16.mai 2006 svarte Hanne Marte ja til å bli mi framtidige kone! Ei overraska, men glad jente fekk spørsmålet ute under stjernelar himmel med 5 minusgrader, snø og vindstille. Gjett om eg vart glad då:) Ja, det e kjekt når ungdommane finne kvarandre.

mandag, mai 08, 2006

Ulsteinvik

Sist helg var Hanne Marte og eg ein tur i Ulsteinvik. Vêret var ubeskriveleg flott, og alt la seg til rette slik at me fekk utnytte tida maksimalt. Båtturen opp på fredag gjekk smertefritt, og vestlandskysten viste seg frå si beste side. Stilt og fint på fjorden gjorde sitt til at turen nesten gjekk for fort. Men med kioskpriser langt over det uforsvarlege gjorde det godt å komme opp te Gunnvor og Einar som lokka med varme pizzasnurrer.

Laurdagen gjekk med til båttur saman med Hanne Marte, Einar, Kamilla og Øyvind (typen til Kamilla. Målet var Eiksund, der besteforeldrene ti HM har hytte. Ein fantastisk idyllisk plass som farfaren har bygd opp frå grunnen av. Her vart det grilling, slakk line gåing og ein ekstra sightseingtur med farfaren som styrmann. Ein skal heller ikkje legge skjul på at Einar prøvde seg på lina.


Om han gjorde like stor suksess som Øyvind seier historia ingenting om, så det blir opp til lesaren å tolke dette... PÅ veg tilbake til Vik klarte Hanne Marte å lure seg sjølv og meg til å stå vannski for første gong i år. Kanskje ikkje ei varm oppleving, men likevel veldig kjekt og ei god start på sessongen.

Søndag for familien Grimstad i konfirmasjon. Men, HM og eg klarte å "lure oss unna". Så me for likegreitt til Strandafjellet. Herleg skidag med lite folk, perfekt vêr og god vårslush.


Mandagen gjekk med til ny båttur. Denne gongen var Gunnvor også med. Me gjekk rundt Rundefjellet og såg på fuglelivet her.
Fasinerende syn. På veg tilbake igjen til Vik traff me på ei sjørøverskute som viste seg å vere venner av familien. Eg må seie det at eg vurderte sterkt å kaste inn handkledet når seg fann ut at desse sjørøverane var både venner og nær slekt til Grimstadgjengen. Men, som me alle kjenner til frå soga om Kaptein Sabeltann, så er dekksguten Pinky ein hyggeleg og real gut. Lommeboka kunne også her ligge trygt pga hyggeleg besetning... På kvelden fekk me oss ein fantastisk fin tur ut til Flø. Sjøen hadde tatt kvelden for lengst, og me fekk oss ei herleg stund med litt fotojakt, bålkos og grilling.



Ei fantastisk flott helg på alle måter. Sjelden bra ver og mange gode studner samen med familien til Hanne Marte

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...