25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

torsdag, april 27, 2006

Eg skal ut å køyre båt igjen...


Det byrjar å nerme seg ei stund nå sidan sist gong eg måtte bøye hovudet utfor ripa for å fore Måkene. Har nesten gløymt ut korleis det følest å få vrengt magen slik at alt, og då meiner eg alt, middagen kjem i retur. Eg har nemleg fått ei "svigermor" som jobbar på apotek, og der veit dei råd...

Du tenker kanskje at det kjem eit lite kjerringråd nå? Men, på Sunnmøre er det ikkje så fint å kalle ei kvinne for ei kjerring, så eg vel å kalle det medisin. Ho har rett og slett kjøpt ei pakke med reisesjuketablettar til meg. Og om det fungerer? Jau, det skal eg seie deg, det er ein kur som fungerer på denne landkrabben.

Så nå blir det berre ei fryd å reise opp langs vestlandskysten. Satsar på fint vêr og fine fotomotiv. Turen går frå Bergen fredag ettermiddag og ender opp i Selje, der foreldra til Hanne Marte skal hente oss. Skal bli veldig kjekt å treffe dei igjen. Det er ein skikkeleg kjekk familie, og eg føler meg heldig som har blitt tatt inn i varmen der.

Det er sikkert ikkje så mykje som minner om vinter lengre, men i fjellet ligg snøen endå godt nedover sidene. Og det har Hannus og eg tenkt å benytte oss av. Det blir i alle fall ein dag til Strandafjellet, og kanskje det blir ein liten tur med feller og oppbretta armer. Me kan nå ikkje berre gå på ski når ein først er oppe og besøker "svigers", men litt får me nok tid til:)

Ellers vil eg bare anbefale alle som har tid og mulighet til å bli med til Finse på 17.mai. Me var der i fjor, og det var litt av ei oppleving. Tenkte faktisk ikkje tanken på å droppe det i år... Så kjekt er det.

søndag, april 16, 2006

Kvilldal får fellesblogg:)

Ja, då ska det skje. Kvilldalsgjengen skal få fellesblogg. Det var kanskje på tide, vil nokon seie. Men, me vil heller seie at det kjem tidlig til å vere Kvilldalstempo:)

Ellers vil eg bare f¨å sei at påska har vore veldig bra. Hanne Marte har vore her heile ferien, og me har kost oss på ski kvar dag (minus 2 dager) Sjelden at ein får laus pudder til kness i midten av april...

Bilda kjem etterkvart

mandag, april 03, 2006

Våren er komen te Bergen


I helga viste våren seg skikkelig for første gong her i Bergen. Strålande sol frå skyfri himmel fredag og laurdag, og med temperaturer som tilsa ulltrøye og ikkje jakke.

Etter å ha jobba lenge med matteinnlevering fredag ettermiddag, fekk eg Hanne Marte med ut på ein liten sykkeltur. Kanskje den kortaste me har hatt i lag, men veldig godt å komme seg ut. Hanne Marte sko nemlig på nattevakt, så det var ikkje mykje me fekk tid til. Turenb gjekk te Slottet, der me fekk nytt litt av våren.

Lurdag va vêret endå finare og varmare, og då måtte me ta turen ut. Hanne Marte, Tove, Audi, Jani og eg ville nyte sola:) Det var ikkje snakk om noko anna. Planen var eigentleg å gå over Vidden, men det viste seg å ver litt mykje snø der oppe, og tida var litt knapp. Alle skulle nå møtet i Salem på kvelden, så då måtte me ha jogga over Me fann oss heller ei fin og lun hylle oppe ved Ulriken, der me naut utsikten, nisten, sjokolade og eple. Det vart òg litt tid til å hoppe litt med slushsnø i landinga. Andre i Bergen hadde òg visst å nytte seg av denne fine dagen, så me møtte store mengder folk på veg opp og ned frå Ulriken. I lufta fann me òg nokre luringer, som hadde funne den perfekte dagen for paragliding. Dei holdt på utruleg lenge, og det såg aldri ut som at dei skulle kome seg ned.
.



Fin dag, fin dag.

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...