25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

fredag, november 25, 2005

"Pannelykttur" til Løvstakken

Torsdag kveld var det tid for pannelykttur til eit av våre sju fjell(knauser) her i byn. Vêret viste seg frå ei av sine beste sider, og humøret var på topp. Heile 5 spreke norske ungdommer klarte me å skrape saman på kort tid. Og oppover bakkane mot varden på toppen gjekk det rektig så radigt.Kun avbrutt av eit par fall på glatta og eit par latteranfall etterfulgt av desse falla. Det skal seiast at me gutane lo ikkje. Me tykte kun dette var tåpeleg, og prøvde heller å få desse lattermilde jentene til å gå litt fortare. Når ein er på tur skal ein gå og ikkje le. Le det kan ein gjere når ein ser på film... (Tipper at halvparten av dei som les dette ikkje ser at dette var ironi.)



På toppen var det faktisk eit par milimeter med snø... Og det skapte ei ekstra fin stemning. Når me også klarte å putte 5 kalde studentromper på eit liggeunderlag, var stemninga til å ta og føle på. At ein person fekk skikkelig føling kan ein kanskje undre seg på, for det var tydelegvis kjekkare å helle kakao over sitt eige lår enn å den i koppen. Eg har lova Hanne Marte at eg skulle ikkje sei det til nokon som helst kven det var som sølte, så då kan eg desverre ikkje sei kven det var...

Vel nede igjen, var alle enige om at me hadde hatt ein fin tur (klisjèer e til for å brukes) At Eirik skulle ha eksamen dagen etter, og at klokka var halv tolv før me kom oss heim, var tydeligvis ingen hindring. Om eg får komme med ei formaning eller oppfordring, så må det vere å kopiere denne "turideen". Kan anbefalast.

Takk for turen folkens

torsdag, november 24, 2005

Militærprat


200782 Sukka, Ole Terje- Søknad vedrørende utsettelse med repitisjonstjeneste grunnet utdanning-innvilget- høgskole

Må æreleg si det kom som ei stor verasking tidlegare i haust. Korporal Sukka var kalla inn til repetisjonsteneste. Under Nato-øvelsen Cold Respons 2006 skulle eg vere i skarp beredskap med min gode gamle MB300. Slik tenkte i alle fall desse offiserane i Vernepliktsverket. Men den gang ei, tenkte eg. Hadde det nå bare vore ei veke der oppe i nord, så hadde det vore ei fin oppleving og erfaring å ta med seg. Men nei... Desse stjernefylte mannfolka med pondus ynskte meg velkommen til heile 17-18 dager i indre Troms.

Høyres det gunstig ut i forhold til studier og ski-sesongen? Neppe... Så då vart det til å oppsøke studiekontor og få lærar til å skrive attest om at det var nødvendig å vere tilstades på undervisninga. For min del måtte eg skrive ein smiske-søknad utan like.

Og i dag 23.november kom brevet... Under punkt 2 står det:
Drøfting
"Din søknad vedrørende utsettelse med repetisjonstjenste er innvilget og den tilsendte innkalling annuleres(...) Du vil tidligst bli innkalt til repetisjonstjeneste 30.06.2006"
Det er herlig å få slike personlige brav ein gong i blant...

søndag, november 20, 2005

Tur opp på Ulriken



Vêret viste seg frå ei fantastisk side denne kalde novemberdagen.



Det bei tid te både kakao og litt "buldring" på varden...

Dei som var med:
Marte (tok bildene)
Siri (begge er veninner til HM)
Hanne Marte
og meg

fredag, november 18, 2005

Fint vær i Bergen...




Ka kan me finne på når det e fint vær i Bergen? JO, ein kan gå ut på tur, ta med seg eit kamera...

onsdag, november 16, 2005

Trur du scenarioet slo til?


Ikkje vart eg sjøsjuk, og ikkje trengte eg å ha lagt serviettar i lommeboka... Men, derimot vart flyturen ein heisatur utan like. Det er lenge sidan eg har stirra så intens ned i ein papirpose. Heldigvis slapp eg å fylle den med middagen eg og Hanne Marte hadde fått i oss før reisa... Men, hu som satt ved sida av meg og såg at anletet mitt blei kvitare og kvitare påstod at at eg var sveitt. Skjønar ikkje det:)
(For dei som skulle tru at eg har flyskrekk, må eg nok skuffe dei. Det er lite med det. Det var nok bare ein god del turbulens som skapte fest i indremsjonen)

Helga vart ei kjempe helg. Det er det lite tvil om. Heile vegen opp, satt eg å øvde ppå opningsreplikken til møtet med foreldrene til Hanne Marte. Eg skulle sei: Hei, så kjekt å få kome her, Hanne Marte har sagt så mykje fint om dykk. Har gledd meg mykje til å få sjå denne fagre bygda og dei flotte folka som bur her.#

Kva trur du eg sa? Hei, Ole her... (med tre-fire svelg mellom kvar bokstav) Det vart ikkje mykje til opningsreplikk. Men, kan tru eg blei godt motatt tross dei tynne orda i døropninga. På kjøkkenet venta herleg heimelaga pizza og god drøs.

For å gjere ei lang historie kort, så vart det ei helg med båttur, klatring, spel, eye-toy, strandtur i herlig vind, helse på masse folk og masse god mat. Hadde det utruleg kjekt. Og veldig kjekt å få møte familien til Hanne Marte. Blir kjekt å treffe dei igjen i romjula... (Satsar på at de har snø å tilby då...)

#For dei som ikkje er så skarpe på ironi, så hadde eg IKKJE tenkt å treffe "svigers" med å sei dette...

fredag, november 11, 2005

Oops, eg ska ut å køyre båt...

Sett deg inn i dette scenarioet:
Du og kjæresten din skal på tur. Målet er "svigers", og det er første gong du skal møte dei. Alt ser bare såre vel ut. Sekken er pakka, og skulebøkene er lagt igjen heime. Det er då du plutselig kjem på at du faktisk skal ut å køyre båt i dag... Hadde det nå bare vore Sandsfjorden med fjell på alle kantar, men nei du skal faktisk ut på havet. Heldigvis har du internett og får mulghet te å sjekke opp vêrvarslinga. Det er nå ikkje vits å uroe seg utan grunn.

Det må vere feil, det står 20 på vindpila. Det er sikkert ein spøk frå ein av meterologane som er klar for ei etterlengta helg. Sjølvsagt skal det stå 2, og ikkje 20... Ja, dei kan spøke desse meterologane. Det einaste som ikkje er tort der inne er humoren. Den skal dei ha...

I god tru har du pakka vanlege klede og klatreutstyr. Ein treng ikkje ha tjukke klede med seg når du skal til Sunnmøre. Det einaste som må vere tjukt her, er den berømte lommeboka. Skal du få innpass hjå ein Sunnmørsfamilie trengs det to ting, har eg høyrt: Ei tjukk lommebok, og ei bukse utan hol i lommen.

Med skalljakke som er tynn nok for ein mild haustdag litt nord for 62g nord, og ei lommebok som er putta full av gamle serviettar som du har ofra frå samlinga di, set du avgarde mot Ingolf Håkon Teigene sitt heimland...

Framhald følgjer...

torsdag, november 10, 2005

Ein kort liten quiz...

Nå kan du ta ein kort liten quiz for å teste om du vett litt om denne bloggeren. Eg trur kanskje spørsmåla er vel lette for nokon, men ikkje for alle...

  • ta quizen her
  • onsdag, november 09, 2005

    Snart på veg te familien Grimstad



    I skrivende stund er det bare 2 dager igjen te Hanne Marte og eg sette oss på flyet på veg opp te familien Grimstad i Ulsteinvik. Glede meg veldig te å opp og sjå kor Hanne Marte kjeme i frå, og treffe Einar, Gunvor og Kamilla. Ska visst ver ein bra gjeng, har eg høyrt... Sjøl om det begynne å bli kaldt i vêret, håpe me på ein tur ut med båt, og i beste fall å prøve oss litt med vannski:)

    Lite med premier på oss:(

    Tirsdag var Hanne Marte, Øystein, Eirik og eg på skimesse i Grieghallen. Platou og ein god del av skileverandørene hadde stand og salg på ein del utstyr. Inngangsbilletten var eit lodd som var med ei i heftig trekning på slutten av kvelden. Liknande basar skal ein leite lenge etter... Einaste bismaken me hadde, var at overskuddet desverre ikkje gjekk til misjonen. Så det blei ikkje nåke premiedryss på oss 4, men det regndrysset me fekk når me kom ut var ikkje av det dårlige slaget det heller. Dei som påstar at regnet i Bergen e oppskrytt, må tenke seg om ein gong te!

    tirsdag, november 08, 2005

    71g Nord i Astrupsvei



    Kvar mandag i fleire veker/mnd nå har me vore ein god gjeng her i leiligheten kvar mandags kveld.
    Nå er det bare finalen igjen... Blir nesten litt trist å ikkje ha denne tradisjonen lenger.

    mandag, november 07, 2005

    Du må bli med å klatre!


    PÅ tirsdager klatre me fast i Fantofthallen. Me pleie å stikke opp i 6-7 tida, og blir ei stund utover kvelden. Her e det bare å henge seg på, enten du har brattkort eller ikkje. Klatring e veldig sosialt, og god trening!

    søndag, november 06, 2005

    Kjæresten min


    Eg har vore så utrulig heldig å fått kapra ei vanvittig søte og snille jenta frå Sunnmøre. Hanne Marte Grimstad hette hu. Hu går på sjukepleien her i Bergen og e 82modell sånn som meg. Det e ei utrulig kjekke jenta å ver med.

    Eg må vel følge med i tida eg òg...


    Så ser det ut som at eg har måtte gi etter for presset eg òg. Ein kan ikkje følge med i tida, viss ein ikkje er ein blogger... Egentlig så lage eg denne sida fordi eg slite med ei KRL-oppgave om Hans Nielsen Hauge, og trenge litt avbrekk:) Men, snart e det jul, ingen tvil om det

    Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

    Om meg

    Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...