25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

søndag, september 17, 2006

Klatretur med solfaktor 20


Helgas tur blei ei fantastisk flott oppleving. Vêret var bare heilt utruleg, rundt 25 grader begge dagane. Lite minte om midten av september der me klatra i solsteiken på "Uteveggen" i Øygarden. For min del vart klatringa ei utfordring, då uteklatring med knøttsmå tak var nytt og uvant. Men, det er absolutt ei oppleving som gav meirsmak. Min gode makker Magnus Hatløy var tålmodig og lot meg bale på i veggen for å komme meg til topps.

Kvelden saman med Krikgjengen vart ein sosial og triveleg kveld. Det foregjekk ein intern "konkurranse" om å finne ordspel rundt temaet klatring, noko som blei eit høgdepunkt for fleire av oss:)





lørdag, september 16, 2006

Klatretur til Øygarden

I dag reiser eg på klatretur til Øygarden med Krik. Første gong eg prøver uteklatring, så det blir spennande å sjå korleis dette går... Kan sjå ut til å bli ei kjempehelg med fint vêr, kjekke aktiviteter og godt lag. Kan ikkje klage då. Kjem tilbake med bilde og tekst seinare

søndag, september 10, 2006

Frihelg heime i Kvilldal


I helga vart det tid til ein tur heim til mor og far i Kvilldal. Det byrja å bli leeenge siden sist, så nå var det på tide med ei helg heime. Vêret viste seg frå ei praktfull side, og hausten hadde byrja med førebuing til vinteren. Å vere på hytta som ligg omringa av fjellbjørka som byrjar å gulne, der fossane gjer ein jamn og søvndyssande dur og der utsikta er eit speglblankt vatn med fjell rundt på alle kantar gjer noko med ein. Ei frihelg frå det daglege livet i Bergen. Ei helg der ein kan bruke mykje fysiske krefter i form av god veding og spikring mens dei mentale lagra blir fylte opp. Mor og far var visst også glade for å få minstemann heim ei helg, så det me fekk mykje god tid saman. Einaste som mangla var Hanne Marte og Anne Brit (søster).

Toggy fekk også mykje merksamd denne helga. Både frå meg og frå nabohunden... Frå meg fekk han kos, mat og tur, mens frå nabohunden fekk han mange dårlege og halvhjarta sjekketriks. Det er ikkje så lett med desse "damene" når dei er i løpetida si... Det toppa seg på lørdagskvelden når nabohunden stod utanfor døra heime og bjeffa og ulte for å få Toggy ut. Det vart derimot ei mindre gira tispe som sprang heim til garden hu kjem frå etter å ha fått høyrt frå hundeeigar kva han meiner om slike tisper som øydelegg kveldsroa i familien Sukka..

På matfronten vart det også ei frihelg frå dei litt enklare studentrettane. Herleg graut, heimelaga pizza og fårikål gjorde sitt til at eg i skrivande stund (søndag kveld) ikkje sit svolten igjen etter helga. Takk for maten!
Mor med eit litt uheldig uttrykk:) (Trykt utan tillatelse)
Turmessig blei det ikkje dei lengste turane, men på lordag hadde eg ein fin liten fjelltur med Toggy. Høgdepunktet var nedturen, der me måtte komme oss ned ei bratt fjellside i blaute og utsletne joggesko str 45... Ein skal ikkje alltid ha dei lengste turane for å få litt kick i kvardagen

Slike helger må det bli fleire av. Betre avkobling skal ein leite lenge etter.

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...