25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

torsdag, mars 30, 2006

Jani dyrke poteter på kjøkkenet vårt...



Tenke du at Jan Gaute ikkje e ein typisk gartner? Då må du tenke om igjen.

I dag var dagen for ein skikkelig god potetmiddag, tenkte eg, og sko hente meg litt poteter frå skapet. Men, det va lettere sagt enn gjort. Poteta hang nemlig fast i skuffen på toppen av skapet. Kunne ikkje heilt forstå det, men så såg eg kva det var. Det var det megalange utskuddet frå poteta som hadde vokse seg opp i suffefestet. Han Jani han Jani...

Så nå er utfordringa, kem klare å få større potetspire enn Jani?

tirsdag, mars 21, 2006

Litt tekst og bilde frå Canada

Nå e eg tebake frå Canada. Det har vore ei stor oppleving, og eg må sei at kanadisk snø er noko for seg sjølv. Fjørlett pudder er tingen!!!

Under kan du sjekke kva som kom på friflyt.no undervegs på turen. Då hadde me framleis ikkje vore innom Fernie, som var den beste plassen, så der har det også blitt tatt ein del bilete på både kamera og netthinna...


Fri Flyts konkurransevinner i dyp snø

mandag, mars 06, 2006

Nå er det ikkje lenge igjen...

På førstkommende fredag reiser eg...

Seint fredag kveld reiser eg over til Oslo. Der skal eg (prøve å) sove på flyplassen fram te innsjekking av meg sjøl og skia kl 06.00. Og rett før 8 går første flyet til London. Der skal eg møte dei 4 andre i reisefølget. I følget er 2 gutter frå Oslo, og eit forlova par frå Sverige. Håpar at det blir ein kjekk gjeng å reise med. Det er jo alltids eit lite spenningsmoment å reise med 4 ukjente på ein slik tur, men rekner med at det skal går veldig bra. Om ikkje anna, så kan vi snakke om vêret og snøen...

Turen går så videre frå London og direkte til Calgary. Her blir me henta av ein guide/sjåfør som skal kjøre oss fram til første skistad. Veit faktisk ikkje så mykje om kor lenge me blir på kvar stad, men reknar med at me får tid til å prøve eit par av løypene.

Ellers gleder eg meg stort til å oppleve Canada. Det har liksom vore litt uoverkommeleg å reise på skitur over dammen. Men, nå er eg altså snart der. Utruleg, men sant.

Webcamera for dei ulike skisentera me skal i:
Kimberley
Red resort
Fernie

Kjem tilbake med meir stoff...

Ellers så ligg værvarslinga for dei neste 5 dagane her:
Fernie
Kimberley
Red mountian

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...