25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

torsdag, februar 16, 2006

Ane til topps igjen...


Nok ein gong kunne Ane Marie Singstad gå av med seieren i den høgtidlege bowlingcupen på Bergen Bowlingsenter Bergen. Med sterk konkurranse i finalen, slo ho knock-out på arge konkurrentar som Jan Gaute Haug, Maria Kristensen, Hanne Marte Grimstad og Ole Terje Sukka.

Om champangen blir opna i kveld eller om den lyt vente til i morgon gjenstår å sjå. "Seieren kom i alle fall godt med", seier ho på telefon fr Fabrikkgaten i Bergen. "Dere ass", skrik ho når dei i bakgrunnen jublar over seieren hennar.

Ein lyt leggje seg i hartrening om ein skal kunne slå denne lattermilde austlandsjenta. Her kan me skode Jan Gaute Haug som var ein av hennar argaste konkurrent i finalen. Kanskje neste år?

Kjekk kveld

onsdag, februar 15, 2006

Tur til Turøy


Fram mot den 12. og 14.februar lyste butikkvindaugo mot oss: Husk morsdagen og din kjære på valentinesday... Raud er fargen som går igjen på dei fleste reklameplakatane. "Overask henne med gåver spekka med kjærleik", "gje henne den spesielle gåve", "rosene har aldri vore finare enn nå". Kunne holdt på i lang tid med å liste opp alle salgstriksa handelsnæringa bruker...

Men, kvifor skal alt koste penger, kvifor skal alt vere så glamourøst? Kva med å prøve noko så enkelt som å gi mor di eller din kjære ein dag som ho kan hugse og ikkje eit smykke som ho sjeldan får brukt fordi det bare passer til den raude genseren:) Kva med å gi ho ein dag som styrker familieforholdet, vennskapsforholdet eller parforholdet?

Eg må ærleg sei at det er kjekt å gi og få gåver. For all del!!! Men, desse dagane har blitt litt for kommersialiserte spør du meg. "Det enkel er ofte det beste," heiter det i reklamen for ein av dei store butikkjedane her i landet. Eg trur det er viktig ta seg ein slik dag samen med "jubilanten". Ein enkel, men kjekk dag der de får kose dykk i lag.

Tysdag hadde Hanne Marte og eg ein herlig båltur ut i Øygarden, nærare bestemt Turøy. Kan anbefalast på det varmaste. Og, treng du eit tips om kor det er ein live plass å tenne bål og holde litt varmen, er det bare å slå på tråden.

Ps: Viss du er jente og les dette, gjeld det sjølvsagt mot gutten også... Og hugs at det er farsdagen som kjem først:)

lørdag, februar 11, 2006

Utruleg, men sant...


Drømmetur til Ole Terje Sukka

Fri Flyt har i samarbeid med Destination Canada for andre gang trukket ut en heldig vinner av drømmetur til Fernie, Kimerley og Red Mountain. Ole Terje Sukka ble dagens gladeste fyr da han fikk vinnerbeskjeden.

- Dette er bare helt sinnsykt! Jeg pleier aldri å vinne noe, og det er ekstra morsomt at jeg sa til kjæresten min at denne gangen er det min tur!

Han forteller videre at kjæresten for to dager siden spurte om han fremdeles var like sikker på å vinne, og da han trodde konkurransen var kunngjort, prøvde han å ro seg vekk.

Da Kieron Gray fra Destination Canada ringte, trodde han at det var kjæresten som utsatte ham for en god gammeldags tøysetelefon. Men dengang ei, lærerhøgskolestudenten kan pakke skia og dra til Canada fra 11. - 21. mars.

Nærmere 900 stykker meldte seg på konkurransen, hvor åsted for vinter-OL 2010 var spørsmålet.

- Jeg har akkurat vært i St. Anton, og skikjøring er hovedhobbyen min. Jeg og kameratene mine har drømt om å dra til Canada, men det har så langt ikke blitt noe av. Nå gleder jeg meg til skogsterreng og pudder, sier Sukka.

Sukka skal feire seieren med tur til Snowshow i Eikedalen.

Fri Flyt gratulerer - og vi vil følge Sukka på drømmereisen til Canada.
(Henta frå nettutgåva til FriFlyt fredag 10.02.2006)

torsdag, februar 09, 2006

Litt meir frå Alpene...


Her er Dagfinn i eit fint svev

(Nettet gjekk så treigt i dag, at det tok eit år å bare laste ned dette biletet. Satser på meir bilde og tekst ein annan dag...)

mandag, februar 06, 2006

Snart kjem bildene frå St.Anton


Etter å hatt sol frå skyfri himmel i 6 dager i strekk er det vanskelig å komme i gang med skulearbeidet... Heldigvis (eller uheldigvis) har me ei stor matteoppgåve som skal inn om to veker, så fokuset er nøydt til å ver på skulearbeidet nå.

Tenkte eigentleg at eg ikkje skulle fortelje så mykje frå turen før bildene kom. Men, litt kan eg nevne:
- Ski 6 dager
- Sol 6 dager
- Varmt 6 dager
- Gode venner 6 dager

Generelt ei utrulig bra veke. Og når me faktisk fant urørt pudder på torsdagen (to veker siden sist snøfall), toppa heile turen seg. Ein gløymer fort at ei ski og ein stav vart ødelagt når ein opplever slike snø-og vêrforold.

Meir frå turen kjem snart..........

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...