25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

torsdag, juni 15, 2006

Endeleg sommar





For mange høyres det sikkert heilt villt ut å sei "endeleg sommar" i midten av juni. Men, når du har såte pal øve bøkene dei site vekene og mnd, ska eg love deg at det gjer godt med ein ferie. Og til deg som jobbar, og skal bare ha ein mnd ferie i sommar, du får trøyste deg med at dei aller fleste studenter jobbar mens arbeidsfolka har fri.

Ferie er jo å gjere nåke annleis. I år som i fjor blir det ein mnd på fjellet på eit betjent turisthytte, nærare bestemt Svukuriset i i Femundsmarka. Skal også vere støttekontakt ei veke. Kjekke jobbar begge deler. Viktigaste er uansett å kunne legge vekk fagbøkene nå for eit par mnd. Digg å faktisk kunne ta seg ein tur med sykkelen, badeshorts, ei skjønnlitteraturbok og kanskje slakk line og fisbee. Alt dette uten å ha dårlig sammvittighet for å skulke lesinga.

tirsdag, juni 13, 2006

Nå har det gått for langt!


Rittsyklister meid ned av bilist (vg 13.06.2006)

Dette er mi meining om denne saka!

For det første sender jeg min omtanke til syklisten som ble påkjørt på Sunnmøre. Håper at det som skjedde bare var en ulykke, og at det ikke var overlagt. Jeg skal ikke si hva jeg mener hvis dette var overlagt, for det er opp til politiet å ta seg av.

Men, sett deg inn i situasjonen: Du er ute og trener eller sykler løp. Det er en treningsform som verken forurenser eller bråker. Du dekker i verste fall 1 meter i bredden, og du ligger langs kanten av veien. Så kommer en bil og meier deg ned. Her ser jeg ikke logikken.

Selv sykler jeg omtrent hver dag, både trening og i byen. Og jeg kan forstå bilister som er irritert på bysyklerne. For her er det masse lovbrudd. Det skal jeg ærlig innrømme at skjer ofte. For min del tenker jeg mer over det nå, og prøver å holde meg til reglene. Men, de som klager på syklister som sykler treningsturer langs landeveiene kan ikke bruke argumentene om at det er mange som sykler mot einveiskjørte gater, på rødt lys osv. Da legger en skylden over på feil personer.

Når jeg sykler ute på landeveiene legger jeg meg helt ut til sida. Om det da skal komme noen bilister å klage på min sykling, blir jeg jo selvsagt provosert. Det er ikke det minste vanskelig å kjøre forbi oss syklister, og skulle du måtte vente litt pga møtende bil, tror jeg ikke at livet ditt blir ødelagt fordi... Men, det kan derimot våre liv bli. Blir vi kjørt ned er det stor sannsynlighet for å bli alvorlig skadet for livet.

Hadde bare mange av dere bilister tatt bena eller trøene fatt på vei til jobb, tror jeg mye av denne problematikken kunne vært unngått. Og tenk på den helsegevinsten det gir. Tror ikke akkurat det produserest så mye endorfiner av å sitte i en rushkø på veg til og fra jobb. Men, tro meg: Gevinsten av å sykle er noe jeg unner alle å oppleve.

Ellers håper jeg at vi som syklister kan skjerpe oss med å følge trafikkreglene. Og så får vi håpe at de som sitter i sine gode reccaroseter i bilene viser litt omtanke mens de kjører fint forbi oss med god avstand. La i alle fall ikke denne debatten bli noe som gjør at det blir flere slike farlige situasjoner.

mandag, juni 12, 2006

Synd at det ikkje blei streik...

Ja, eg er faktisk ein av dei som håpte på streik blandt bankansatte. Du trur kanskje eg er litt tullete nå, men eg skal prøve å forsvare meg.

Tenk deg ei veke uten mulighet til å handle meir enn akkurat det du trenger. Tenk på ei veke der du faktisk må ta sykkelen eller beina fatt fordi at du ikkje kan kjøpe bensin. Tenk deg ei veke der rekninger kan ligge å forfalle uten at du trenger å bekymre deg for at kemneren kjem for å riste deg i skjorta. Eg kunne nevnt mange fleire eksempler på konsekvenser av ei bankfri veke.

Har du tenkt over kor mykje som blir styrt av banktjenester her i vårt samfunn? Det seier ganske mykje når finansminister Bjarne Håkon Hansen forlanger tvungen lønsnemnd før streiken har kome i gong. "Samfunnet ville lammes så godt som umiddelbart," seier han i eit intervju med n24.no. Då tenkjer eg: Er me så avhengige av banken at me ikkje kan klare oss utan desse tenestene i ei veke? Eg veit det kan høyrast veldig romantisk og naivt ut, men kvifor ikkje prøve ei slik veke ein gong i året? Truleg alt for urealistisk tanke, eg veit det. Privatøkonomien var nok ikkje det som hadde blitt mest råka. Og når eg ikkje eig eit firma eller jobber med å betale ut trygd, bør eg kanskje ikkje uttale meg. Likevel trur eg mange hadde hatt godt av å kunne flytte fokuset over på noko anna enn penger ei lita veke i året.

Viss ein skulle hatt ei slik veke i året, kunne ein f.eks gjort dette:
-Besøkt naboen med kveldsmat medbrakt
-Hatt bilfri veke og gratis sykkelvask på bensinstasjonene
-Bygd om torgallmenningen til eit stort torg der alle kunne byttehandla mat og andre viktige eller mindre viktige "råvarer"
-Reist på fjelltur med fiskestong og poteter frå eigen hage (eller som du hadde fått bytta til deg under dei store torgdagene nede på Torgallmenningen)
-Lånt kajakk av Sigrid (naboen) mot å stå i siloen ein dag


Det er mange ting ein kan finne på ei veke uten penger.Har du forslag til kva ein kunne funne på denne eine veka i året? Skriv gjerne inn tips.

fredag, juni 02, 2006

Bryllup neste sommar



Nå er det bestemt. Det blir bryllup neste sommar den 14.juli...

Nokre vil kanskje tenkje at det er alt for tidleg å bestemme dato for bryllup over eit år på førehand. Men, det er faktisk ikkje slik lenger. Allereie når me ringde presten for eit par veker sidan, var 7.juli oppteken. Det er sikkert ein fin dato å gifte seg det. Gjer seg sikkert med 07.07.07... Nokre seier at det høyrer lukke med til slike dager. Men, eg tenkjer nå at slik overtro skal ein ikkje bygge eit ekteskap på. Då er det mykje betre å gifte seg den 14.07.07. Set ein summen av desse talla saman, får ein 19, som er det kjente talet for kjærleik i gresk mytologi.

Historia kjenner me vel alle om den stakkars Efrodate som budde i den 19.etasjer høge trehytta. Utan nokon form for kontakt med omverden låg ho og drøymde dag ut og dag inn om å finne den store kjærleiken. Dagar gjekk, veker gjekk og år forsvann i horisonten før hu endeleg høyrde ein lyd frå bakken. Langt nede kunne ho skimte omrisset av ein vakker ung prins med navn Loverens. Kjærleik med første blikk, tenkte Efrodate der ho sat lenka fast oppe i trehytta. "Om han berre kunne kome opp her, og befri meg frå singeltilværelsen," mumla Efrodate mens ho byrja å stelle håret i tilfelle draumeprinsen skulle klare å kome heilt opp til hytta. For å gjere ei lang historie kort enda dette med bryllup, og sidan den dagen har talet 19 vore eit magisk tall for alle som kjenner at hjarta bankar litt fortare når ei spesiell jente eller ein spesiell gut nærmar seg.

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...