25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

søndag, januar 15, 2006

Under to veker igjen...


I skrivende stund er det 13 dagar igjen til me vender snuten sørover mot kaldere strøk. Ja, for når ikkje Norge kan tilby skikkelige vintrar lengre, er me nøytt til å finne snø ein annan plass. Turen har me bestilt for fleire mnd sidan, så det er i grunnen berre å få tida til å gå fortast mogleg nå. Dagleg er eg innom dei lokale nettsidene og sjekker vêrmelding og livekamera. Og det er ikkje akkurat Bergensvêr der. Til nå har det enten vore snø eller strålende sol kvar dag. Det er vel slik det var her i Norge òg før?!?

Må sei eg er litt spent på om alt klaffer. Me har nemleg fiksa heile reisa og opphaldet sjølv. Ingenting har gått via reisebyrå. Så skulle noko skjere seg, har me ingen å klage vår nød til... Men, dette gjer det ekstra kjekt å reise òg. Og eg som er så dårleg i engelsk er enten nøytt til å enten snakke norsk-engelsk, eller prøve å friske litt opp i tysken. Kan bli god underhaldning for dei andre det ja:)

Om du skulle vere av typen som har lyst å følge litt med på ka vêr me har når me er der nede, er desse to linkene gode:

Livekamera frå St.Anton
Vêrmelding

Med på turen er:
Eirik: Fotograf og organisator
Ole Martin: Den einaste med slalom
Geir Allan: Fartsglad og energirik telemarkkøyrar
Nils Kjartan: Turens mest svoltne, med eit urokkeleg humør
Jan Erik: Eldstemann med teft i sporet
Sven: Minstemann med god kontroll og farleg latter
Bodil: Vår mest erfarne Alpeturist
Hanne Marte: Turens søteste jente med breie ski og svingteknikken inne
Ole Terje: Filmer og pådriver

fredag, januar 13, 2006

Tebake igjen te alvoret...




Etter ei fantastisk flott jul, romjul, nyttårshelg og skiweekend i Hemsedal, var det tid for å starte opp med skule og praksis igjen. 2.klassingar er ikkje dei som forstår mest av kor kjekt det er å køyre djup pudder i skog, så det vart ikkje så mykje snakk om det denne veka. Difor lyt eg få fortelje dykk litt om jula. Det heile starta heime i trivselsbygda Kvilldal. Ei veldig kjekk og koseleg jul heime saman med familien, slekt og venner. Det vart eit par skiturer saman med min aller mest trufaste turkamerat, Toggy. Han var rektig så nøgd med å få trekke litt igjen. Den årlege Røldalsturen saman med Kvilldalsgjengen vart litt amputert, så eg måtte reise opp aleine. Heldigvis reiste eg. Fantastisk vêr, godt lag (Nils Kjartan og Geir Allan) og gode forhold på toppen gjorde at dagen vart ein stor suksess. Er meir og meir glad for å ha Røldal så nært heime...

Fjerde dag reiste eg opp til mi kjære Hanne Marte og familien hennar. Reiste først på ein hyttetur saman med venner. Det blei ein fin pudderdag (måtte leite litt, men når me først fann melisen, var det digg forhold og lite folk å dele den med...) Det blei også tid til ein herlig topptur før me returnerte til Ulsteinvik, for å treffe svigers igjen. Skal ikkje klage over den familien der nei. Har det utruleg kjekt saman med den gjengen. Gleder meg til neste tur opp til Grimstadgjengen. Første nyttårsdag var me ein tur innom Strandafjellet. Ein nydelig og kald dag, der me trengte eit par timar i bakken først for å vakne... Utpå dagen vakna me, og det vart ein av dei bedre skidagane på lenge.

De t vart ein dag innom Bergen før me satte oss i biler og busser og vendte snuten mot Hemsedal. Det skulle vise seg å bli ei fantastisk kjekk helg både åndelig, vennskapelig og skimessig. Å reise på tur med 100 Jesus- og skigira ungdommar var ei fantastisk flott oppleving. Det hjalp også på med hotellstandard og strålande vêr alle tre dagane. Var faktisk ikkje mildere enn 15 minus i det heile... (Bilda her er tatt av Eirik S Bø denne helga)

Men nå er eg altså tilbake igjen i det vanlege livet. To veker til med praksis nå, og så reiser me ein gjeng til St.Anton. I morgon er det berre to veker igjen...

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...