
Det byrjar å nerme seg ei stund nå sidan sist gong eg måtte bøye hovudet utfor ripa for å fore Måkene. Har nesten gløymt ut korleis det følest å få vrengt magen slik at alt, og då meiner eg alt, middagen kjem i retur. Eg har nemleg fått ei "svigermor" som jobbar på apotek, og der veit dei råd...
Du tenker kanskje at det kjem eit lite kjerringråd nå? Men, på Sunnmøre er det ikkje så fint å kalle ei kvinne for ei kjerring, så eg vel å kalle det medisin. Ho har rett og slett kjøpt ei pakke med reisesjuketablettar til meg. Og om det fungerer? Jau, det skal eg seie deg, det er ein kur som fungerer på denne landkrabben.
Så nå blir det berre ei fryd å reise opp langs vestlandskysten. Satsar på fint vêr og fine fotomotiv. Turen går frå Bergen fredag ettermiddag og ender opp i Selje, der foreldra til Hanne Marte skal hente oss. Skal bli veldig kjekt å treffe dei igjen. Det er ein skikkeleg kjekk familie, og eg føler meg heldig som har blitt tatt inn i varmen der.
Det er sikkert ikkje så mykje som minner om vinter lengre, men i fjellet ligg snøen endå godt nedover sidene. Og det har Hannus og eg tenkt å benytte oss av. Det blir i alle fall ein dag til Strandafjellet, og kanskje det blir ein liten tur med feller og oppbretta armer. Me kan nå ikkje berre gå på ski når ein først er oppe og besøker "svigers", men litt får me nok tid til:)
Ellers vil eg bare anbefale alle som har tid og mulighet til å bli med til Finse på 17.mai. Me var der i fjor, og det var litt av ei oppleving. Tenkte faktisk ikkje tanken på å droppe det i år... Så kjekt er det.