25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

mandag, april 03, 2006

Våren er komen te Bergen


I helga viste våren seg skikkelig for første gong her i Bergen. Strålande sol frå skyfri himmel fredag og laurdag, og med temperaturer som tilsa ulltrøye og ikkje jakke.

Etter å ha jobba lenge med matteinnlevering fredag ettermiddag, fekk eg Hanne Marte med ut på ein liten sykkeltur. Kanskje den kortaste me har hatt i lag, men veldig godt å komme seg ut. Hanne Marte sko nemlig på nattevakt, så det var ikkje mykje me fekk tid til. Turenb gjekk te Slottet, der me fekk nytt litt av våren.

Lurdag va vêret endå finare og varmare, og då måtte me ta turen ut. Hanne Marte, Tove, Audi, Jani og eg ville nyte sola:) Det var ikkje snakk om noko anna. Planen var eigentleg å gå over Vidden, men det viste seg å ver litt mykje snø der oppe, og tida var litt knapp. Alle skulle nå møtet i Salem på kvelden, så då måtte me ha jogga over Me fann oss heller ei fin og lun hylle oppe ved Ulriken, der me naut utsikten, nisten, sjokolade og eple. Det vart òg litt tid til å hoppe litt med slushsnø i landinga. Andre i Bergen hadde òg visst å nytte seg av denne fine dagen, så me møtte store mengder folk på veg opp og ned frå Ulriken. I lufta fann me òg nokre luringer, som hadde funne den perfekte dagen for paragliding. Dei holdt på utruleg lenge, og det såg aldri ut som at dei skulle kome seg ned.
.



Fin dag, fin dag.

4 kommentarer:

Synnøve sa...

Så fancy siå di har blitt då!! :) Ja, d e deiligtme vår, nyte d her i stavanger og, og telle ner t påske. Glede meg t å komma heim litt å få nåken turar i heiå, med eller uten ski.. :) Me talast då, rekne eg me.

Anonym sa...

Finfin tur ja

Familien Sukka sa...

Me prates i påska ja. Blir knall det... Digg at vêret ser ut te å holde seg stabilt kaldt nå fram te påske. Så forsvinne i alle fall ikkje snøen... Blir knall

Kjetil sa...

Greit nok at du har fått ny layout, men eg syns menyen bør vera t høgre sånn så dei fleste andre bloggane, irreterande! Og så vil eg gjer deg oppmerksom på at du ikkje har ein einaste link på siå lenger, vett ikkje om du e klar øve d. Vil og opplysa om at påskeferien starte i mårå!!!! og seriestarten e nå på søndag, og då ska viking knusa ham-kam, hehe

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...