25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

mandag, mai 08, 2006

Ulsteinvik

Sist helg var Hanne Marte og eg ein tur i Ulsteinvik. Vêret var ubeskriveleg flott, og alt la seg til rette slik at me fekk utnytte tida maksimalt. Båtturen opp på fredag gjekk smertefritt, og vestlandskysten viste seg frå si beste side. Stilt og fint på fjorden gjorde sitt til at turen nesten gjekk for fort. Men med kioskpriser langt over det uforsvarlege gjorde det godt å komme opp te Gunnvor og Einar som lokka med varme pizzasnurrer.

Laurdagen gjekk med til båttur saman med Hanne Marte, Einar, Kamilla og Øyvind (typen til Kamilla. Målet var Eiksund, der besteforeldrene ti HM har hytte. Ein fantastisk idyllisk plass som farfaren har bygd opp frå grunnen av. Her vart det grilling, slakk line gåing og ein ekstra sightseingtur med farfaren som styrmann. Ein skal heller ikkje legge skjul på at Einar prøvde seg på lina.


Om han gjorde like stor suksess som Øyvind seier historia ingenting om, så det blir opp til lesaren å tolke dette... PÅ veg tilbake til Vik klarte Hanne Marte å lure seg sjølv og meg til å stå vannski for første gong i år. Kanskje ikkje ei varm oppleving, men likevel veldig kjekt og ei god start på sessongen.

Søndag for familien Grimstad i konfirmasjon. Men, HM og eg klarte å "lure oss unna". Så me for likegreitt til Strandafjellet. Herleg skidag med lite folk, perfekt vêr og god vårslush.


Mandagen gjekk med til ny båttur. Denne gongen var Gunnvor også med. Me gjekk rundt Rundefjellet og såg på fuglelivet her.
Fasinerende syn. På veg tilbake igjen til Vik traff me på ei sjørøverskute som viste seg å vere venner av familien. Eg må seie det at eg vurderte sterkt å kaste inn handkledet når seg fann ut at desse sjørøverane var både venner og nær slekt til Grimstadgjengen. Men, som me alle kjenner til frå soga om Kaptein Sabeltann, så er dekksguten Pinky ein hyggeleg og real gut. Lommeboka kunne også her ligge trygt pga hyggeleg besetning... På kvelden fekk me oss ein fantastisk fin tur ut til Flø. Sjøen hadde tatt kvelden for lengst, og me fekk oss ei herleg stund med litt fotojakt, bålkos og grilling.



Ei fantastisk flott helg på alle måter. Sjelden bra ver og mange gode studner samen med familien til Hanne Marte

9 kommentarer:

ane marie sa...

så mange fine bilder da! Tenker dere koste dere ja! (du vet... dere ass) hahahahahohohohihihihi

Anonym sa...

Oj... så arti! Ka va sjansen for at navnet ditt og blogggen din dukka opp?... Dette var jo morro;) Hei, takk for sist! Håper livet farer fint med deg, det ser hvertfall sånn ut! Funnet dama i sitt liv og greier!! Jeg for min del er godt gift, liten turbogutt på 16mnd og i september kommer nummer to!!! Og så bor vi på Høgtun av alle ting;)
Som sagt dette synes jeg var arti ja!!! Nå skal jeg jakte på flere kjentfolk... Ha en fortsatt fin dag! Klem fra Berit

Familien Sukka sa...

MOrsomt å sjå deg inne her Berit. Godt å høyre at det står bra til der oppe. Artig å høyre at dokken bur på Høgtun. E litt for lenge siden eg har vore der oppe nå... Med meg går det bare bra du. Har det heilt topp for tida. Kan ikkje klage når livet smiler:) Hels maen og andre Høgtuninger!!!

Anonym sa...

Hei på deg Ole-gutten!
Takk for sist og for ei koselig besøkshelg på Sunnmøre! Vi satte stor pris på å ha dokke på besøk og dokke vet at dokke alltid er velkomne når som helst og hvor som helst. No får dokke ha lykke til med eksamenslesing og Finsetur og alt kjekt dokke finner på!
Gunnvor =)

Haugtussa sa...

Fantastiske bilder!

Du ba om oppskrift på eggekrem:

Eggekrem (nok til ca 16)

2 egg
2ss sukker
2ss hvetemel
4 dl H-melk

2 ts vaniljesukker

1)Bland alt utenom vaniljesukkeret i en kald gryte

2) Rør til kremen får ett oppkok (kunn en boble) og ha i vaniljesukkeret.

3)Den hjemmelagede eggekremen er fiks ferdig! Veldig enkelt veldig godt!

Øyvind sa...

Heisann!
Ej må berre gratulere me forlovelsen!:) KJEMPEKOSLI!
Vi he gått å venta på å få vite nåke sida søndag...:)

Gler oss til neste somar :p

Vi ser! :)

Øyvind sa...

Heisann! :)
Gratulere so mykje me FORLOVELSEN!! Kjempe kjekt! GLeda mej til neste sommar =)

Anonym sa...

You have an outstanding good and well structured site. I enjoyed browsing through it Taunton oxycontin arrest Pennsylvania car accident attorneys Canadian dresses of the 1800s how do bonds work Capital life assurance Mini refrigerator Permanent painless hair remover saab service marietta combats allergies fire alarms dublin Bextra prescriptions Www lotto keno numbers 9 free line machine slot Fire alarm tool supplies in concord california 400mg celebrex Web cams dorm fire alarm cover

Anonym sa...

buy cheap tramadol tramadol overnight delivery mastercard - tramadol 50 mg a normal dose

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...