

Etter å ha budd i ein ryggsekk den siste veka skal det bli godt å flytte inn og få sin eigen plass å bu. Flyttar inn i Kringsjåveien 28, og startar med det same som vaktmeister på Betaniahuset. Blir ei spennande tid me går i møte. Eg skriv me fordi det blir jo både Hanne Marte og eg som skal overta leiligheta og jobben. Fram til bryllaupet blir det derimot berre eg som skal bu der. Blir sikkert litt einsamt i byrjinga, då eg har vore vant til å bu med vener i kollektiv i fleire år nå. Men, for å sitere søskenbarnet mitt, så må eg "nyte det å bu aleine, det er ei herlig tid!"
Reknar med å kome tilbake med bilete og ord etterkvart, men kan ikkje garantere at det blir med det første. Blir travelt framover med besøk av Anne Brit (søster) nå til helga og foreldre og svigerforeldre neste helg. Satse på å få te ein innflyttingsfest etter det ein gong, så då må du kome!!!
1 kommentar:
Jeg kommer :)
Legg inn en kommentar