25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

fredag, oktober 26, 2007

Ole Terje Sukka har skifta skisponsor


"Ja, nå har det skjedd, Ole Terje Sukka har skifta skimerke. Frå å køyre på tyske Völkl, har han nå skaffa seg ein super kontrakt med K2... Kor mykje sponsorkontrakten går ut på, vil han ikkje kommentere, men det er snakk om eit gullkanta opplegg for suldølingen"
Ja, tenk om det hadde vore slik... Men, det er nok ikkje heilt slik det foregår. Det som derimot er sant, er at eg har skifta frå Völkl Karma til K2 Seth. Det er desse skia som ein kan sjå på bildet, berre i ein raudfarge. Det som kanskje er like spennande, blir å prøve dei nye bindingene. Har skifta over til Hammerhead, som er ei lettare men stivare binding. Den er visst ideel til toppturbruk, i og med at ein kan enkelt justere mellom 5 ulike stivhetsgrader.
Nei, det blir vel aldri noko sponsing på meg, men skikøyring skal det uansett bli. Håper på mange gode toppturer i år. Så nå blir prosjektet for resten av hausten å komme i form, slik at ein ikkje må ta pause for kvar hundre meter ned fjellet.
"Den glade karen frå Suldal avsluttar med å fortelje at for å få lov av kona til å skifte skimerke, måtte han jobbe eit par ekstra vakter i barnehagen."

3 kommentarer:

... sa...

hehe... stilig blogginnlegg!! Du e tøff så tør å renna ner bakkar på ski itte mi meining :p

Annika sa...

Artig blogginnlegg!
Ja, då har eg gjort meg til kjenne som lesar av bloggen din også;) Må innom her også, i håp om at du har blogga litt, sjølv om ikkje HM har gjort det. Men i dag fann eg jo nye innlegg både her og der:) Kjekt!

Familien Sukka sa...

Kjekt å sjå at folk er innom bloggen min igjen:)

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...