25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

fredag, november 09, 2007

Snart ferdig utdanna lærar

I skrivande stund er det 1 mnd og ei helg igjen til underteikna er ferdig utdanna lærar. Studietida er over for denne gong. Eg ser ikkje bort i frå at det blir vidareutdanning seinare, men nå er det arbeidslivet som kallar for ei periode.

Det blir både rart og godt å ikkje skulle kalle seg student lenger. Studenttilværelsen er liksom eit mellomstadie føler eg, her eg sit å jobbar med mi siste oppgåveinnlevering på ei god stund. Studenttida er ungdomens- og skuleelevens siste russetid. Kanskje ikkje slik ei russetid ein høyrer om i media, med fyll og bråk, men meir ei tid der ein skal gjere seg ferdig med å vere elev. Ei tid der ein skal gjere seg ferdig med å vere ungdom. Ei tid, som satt i samanheng er ei kort tid, med mykje som skjer, og mykje som påverkar det livet ein skal leve vidare.

Det slår meg, når eg sit og ser ut vindauget på Betania, at denne tida har betydd svært mykje for meg. Eg tviler ikkje på at det kan gå knirkefritt å berre hoppe av skulen etter vidaregåande, og berre kome i gong med arbeidet. Det er både økonomisk og mykje meir lettvint på mange måtar. Men eg vel å tru at ein går glipp av noko. Å vere student handlar ikkje alltid om det å lese seg opp til eksamen, sjølvstudium, høge studielån og ei smal lommebok. Det handlar like mykje om ei personleg utvikling som kjem som eit utslag av det sosiale livet i menigheten, klassefellesskapet, dei utfordrande oppgåvene, dei ulike styreverva og den aukande interessa for det ein vel å studere og sette seg ekstra inn i. Å vere 19 år og skulle bli voksen på 1 2 3, er ikkje noko eg ville ha bytta ut med det å vere 25 år og verkeleg klar for å kome videre i livet.

Ingen spør lenger kvar eg har gått på vidergåande. Det er både trist og godt. Trist at det ikkje lenger er naturleg å berre døgne for å døgne. Trist at det ikkje lenger høver seg å ha vannkrig i fleire timar med folk ein knapt har sett før. Trist at ein ikkje lenger kan skrive lappar i timane og vere naiv og tru at læraren ikkje har observert det. Godt skal det bli å kunne levere inn nøklene til skapet på høgskulen. Ikkje berre for å få igjen dei hundre kronene, men like mykje for å sleppe den forferdelege blandinga av sure sokkar, våte handkle og tørre skulebøker. Godt skal det bli å bli ferdig med ei periode der ein ofte har følt at ein berre går i sitt eige lille univers og lurer på om bobla kan sprekke eller om alle dei over 40 MÅ ha på lyden på mobilen i lesesalen. Godt skal det bli å føle at ein gjer ein jobb, og ikkje berre jobbar fram mot einskilde eksamenar og innleveringar.

Eg sit å ser ut eit vindauge i Betania. Det er snart vindusvask, noterer eg meg. Ute har snøen fartstest sideslengs, mens kranen på Dokken vitnar om at arbeidskarane er i full gang etter stormen Andrea. Det slår meg at det var meterolog eg skulle blitt. Eller kanskje dyrlege, tømrar, revisor, tannlege, industrimekanikar, sjukepleiar eller profesjonell hundeinstuktør. Eller kanskje ikkje. I alle fall ikkje i denne omgang...

2 kommentarer:

aasen sa...

herleg pauselesnad i ein elles grå lesekvardag...

over til eit lyspunkt! klar for familieselskap onsdag om ei veke?? Klokka 20!

... sa...

Lykke til i innspurten!!:)

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...