
Til slutt vart det også slutt på eksamensstress for oss lærarstudentar. Vel ferdig med to eksamener og ei semesteroppgåve kan me sette oss på buss, båt og fly heim til våre respektable heimar. Gleder meg til familiekos, julebudskap, julemiddag, Toggy, SKI og det som måtte dukke opp av julehygge. I romjula går turen til Ulsteinvik for å feire nyttår saman med Hanne Marte og familien/venner. Så det er mykje å sjå fram til. Forhåpentlegvis blir det også litt tid til (prøve seg på) å gå på slakk line. Vil berre ynskje alle ei velsigna fin jul.
Som Tore Aas ville sagt det: "En stjerne skinner i natt", som nissejenta i Amalies jul ville sunge det"Snart er det mørkt i stall og i låve, nå må alle nissunger sove." Eller som Vazelina "Rull'n ut..."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar