
Etter ei fantastisk flott jul, romjul, nyttårshelg og skiweekend i Hemsedal, var det tid for å starte opp med skule og praksis igjen. 2.klassingar er ikkje dei som forstår mest av kor kjekt det er å køyre djup pudder i skog, så det vart ikkje så mykje snakk om det denne veka. Difor lyt eg få fortelje dykk litt om jula. Det heile starta heime i trivselsbygda Kvilldal. Ei veldig kjekk og koseleg jul heime saman med familien, slekt og venner. Det vart eit par skiturer saman med min aller mest trufaste turkamerat, Toggy. Han var rektig så nøgd med å få trekke litt igjen. Den årlege Røldalsturen saman med Kvilldalsgjengen vart litt amputert, så eg måtte reise opp aleine. Heldigvis reiste eg. Fantastisk vêr, godt lag (Nils Kjartan og Geir Allan) og gode forhold på toppen gjorde at dagen vart ein stor suksess. Er meir og meir glad for å ha Røldal så nært heime...
Fjerde dag reiste eg opp til mi kjære Hanne Marte og familien hennar. Reiste først på ein hyttetur saman med venner. Det blei ein fin pudderdag (måtte leite litt, men når me først fann melisen, var det digg forhold og lite folk å dele den med...) Det blei også tid til ein herlig topptur før me returnerte til Ulsteinvik, for å treffe svigers igjen. Skal ikkje klage over den familien der nei. Har det utruleg kjekt saman med den gjengen. Gleder meg til neste tur opp til Grimstadgjengen. Første nyttårsdag var me ein tur innom Strandafjellet. Ein nydelig og kald dag, der me trengte eit par timar i bakken først for å vakne... Utpå dagen vakna me, og det vart ein av dei bedre skidagane på lenge.
De

Men nå er eg altså tilbake igjen i det vanlege livet. To veker til med praksis nå, og så reiser me ein gjeng til St.Anton. I morgon er det berre to veker igjen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar