25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

søndag, desember 04, 2005

Julegrauttur med FIBER




Det skjedde i dei dagar at Fiber skulle ha sin årlege julegrauttur. Det hende medan Kong Harald var landshøvding i Norge, og kvar og ein drog av stad for å delta på denne hendinga, kvar frå si leilighet. Ole Terje drog då frå bydelen Minde, og opp til Løvstakken, sidan det var denne staden Fiber skulle ha turen. Han for saman med kjærasten sin Hanne Marte, sjølv om ho ikkje var med barn.

Og medan dei var der kom tida då dei skulle ha graut. Men, det var ikkje komfyr der oppe, så dei laut bruke det dei hadde. Ved og stormkjøkken vart dratt fram frå sekkane, og snart vart det både varme og mat.

Det var nokre studentar der ute, som feira andre søndag i advent og hadde tatt seg ein vel fortjent pause frå eksamenslesinga. Med eit stod Eirik der framfor dei og hans herlige engelsk-aksent lyste opp i haustkulda. Alle vart fælande redde. No har han gløymt noko. Og Eirik som aldri gløymer noko. Men, Eirik sa til dei: Frykt ikkje, mandela er med, (Ein skal ikkje legge skjul på at mange såg seg rundt etter Nelson Mandela, men sjølv om turfølget hadde med seg eit par negrar, var det nok mandel til grauten han meinte) og i dag skal ein vinnar kårast. Og dette skal de ha til teikn, de skal finne ei mandel som er skolda og ligg i ei gryte. Med eitt var Eirik omringa av ein svær hærskare av studentar som var svoltne og sang "Thank you Lord for giving us food"

Då Eirik hadde forlatt dei, og vendt tilbake til sitjeunderlaget sitt, sa studentane til kvarandre. Kom la oss gå ned til juletreet for å synge litt julesangar. Og dei skyndte seg av stad og fekk sjå det litle treet som stod der for seg sjølv. Då dei fekk sjå treet fortalte dei alt som var blitt sagt om fjorårets gange. Og alle nye undra seg over det som var blitt sagt, men Hanne Marte gjemte alt dette i sitt hjarte og grunna på det

7 kommentarer:

ane marie sa...

utrolig vittig, ole! hva skjer med deg og diktinga di!? haha - jeg er imponert!:)

Familien Sukka sa...

takk for det Ane. Avogte får eg ånden øve meg:)

Anonym sa...

Framifrå poesi, Ole! Du er ein rimsmed av rang! Eg ser i gledje fram i mot jula, då du og rimsmed Henrik brakar saman - det kan verte rett så poetisk om dykk slår dykk lause! hehe:)

Hanne Marte sa...

...og hjertet mitt frydar seg:)

Siri og Eirik sa...

GENIALT!!

Kristian sa...

HAHAHAHA.... eg ler meg ihjel. Eg huske eg va me ifjor :D

Anonym sa...

Eia var vi der!!!

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...