25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

mandag, desember 12, 2005

Treninga til St.Anton er starta...






For tida går det mykje i stillesitjing og eksamenslesing, noko som ikkje er så bra for kroppen. Me har alle behov for å få dagleg røyrsle, og hjernen treng å avreagere litt frå studeringa. Det er då ein kan finne fram treningstøyet og joggeskoa, og ta turen ut eller på eit av dei mange treningsstudia rundt om i landet.

Slik kunne kanskje ein artikkel frå studentavisa her i Bergen sett ut. Lesestoff som mange kjenner seg igjen i, og som mange veit at dei bør følge. Men, er det nå alltid så lett? Har ein alltid så mykje overskot igjen etter ein hard lesedag, som både blir 10 og 12 timar? (skulle gjerne sagt at eg klare det kvar dag, men då hadde nok nasen blitt litt lengre ja...) Det er då ein må ha ein motivasjonsfaktor til å kome seg opp frå godstolen; nemlig Alpetur i slutten av Januar.

Eg har ikkje så lyst å betale 1500kr for eit 6 dagers heiskort, og vere heilt øydelagt i beina etter 2 dager... Då får ein ikkje så mykje igjen for pengane. Så nå har altså Sukkaen kome i gong med "barmarkstrening" til vinterens store høgdepunkt. Forhåpentligvis blir det nokre dager på god norsk snø først, men grunnlaget blir nok lagt mest i eit par svetteøkter i veka på Fantoft. Så får me berre håpe på sjuke tilstander med nedbør av den kvitaste sorten der nede, slik at det ikkje blir for hardt i bakken...

Kan anbefale på det sterkaste å finne seg ein motivasjonsfaktor og ein treningskamerat før vinterens skiturer. Så kan du heller tenkje, når du sit der på sykkelen saman med 15 andre sveitte studentar, at om nokre få veker får du lønn for strevet. Då gjer det lite at den siste "pulstoppen" kjennes umåteleg tung, og at låra kjennes tyngre enn nokon gong dagen etter. Tipper dei blir mykje tyngre i alpene...

God treningsøkt.

Ps: Treng du treningspartner, er det berre å ta kontakt. Eg er sikkert med. Og er ikkje eg med, får du sikkert med deg Hanne Marte. Lykke til!

5 kommentarer:

Hanne Marte sa...

våkna i dag med en umåtelig stiv nakke, men om d e verdt d?!? JAAA, so absolutt!:) For ej he i alle fall ikkje tenkt å vere ødelagt etter en dag på ski!
PS! du bør vere temmelig imponert over å ha fått mej med i styrkerommet, ekje kvar dag ej tør å boltre mej blant so monge skumle bolara...;)
Tren dej svett
so blir det so lett
å suse på ski
med kjempegli
vinteren blir topp
absolutt ingen flopp
På vinterens siste dag
teke vi 360`en i lag;)
hmm...kanskje;)

Anonym sa...

Dæ æ godt du æ i træning Ole. Men spinning???? Dæ syns æg mesten va litt øve kanten altså. Dæ æ jo mesten aerobic!
Men dæ æ jo kanskje sånn at "desperate means calls for desperate measures". Æg he kjent kordan lårå æ itte fira daga i alpane, å då va æg bære forberedt enn æg kjæme te å vær nå. Uansett form så ska turen bli heilt sjef!

Sjefsblogg foresten. Keep up the good work

Familien Sukka sa...

Ja, det høyres sikkert litt små-femi ut med spinning. Men, spør du meg, så likne det lite på aerobic... For det første så sitte du på ein sykkel, for det andre så e det ikkje vanskelige trinn, for det tredje er det mange fleire guttar på spinning enn slek aerobicdans. Ein ting e i alle fall sikkert, ein blir fryktelig svett og godt sliten av spinning. Og klatring e desverre ikkje god nok beintrening til alpeturen vår... Fy søren som eg glede meg nå...

Anonym sa...

Hallaos OT!

Fete innlegg du har her, underholdende lesing. Må si jeg lurer litt selv på hva jeg gjør her nå og leser på dette nå kanskje helle burde lest på GLSM. Men den tid den sorg. Skal jammen meg si du står på.... MÅ si fra hvis du trenger noen tips på St. Anton... har en del...

Familien Sukka sa...

Ja gode tips hadde vore knall. Har heilt gløymt ut at du va der i fjor eg. Må ta ein prat ja...

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...