
I skrivende stund er det 13 dagar igjen til me vender snuten sørover mot kaldere strøk. Ja, for når ikkje Norge kan tilby skikkelige vintrar lengre, er me nøytt til å finne snø ein annan plass. Turen har me bestilt for fleire mnd sidan, så det er i grunnen berre å få tida til å gå fortast mogleg nå. Dagleg er eg innom dei lokale nettsidene og sjekker vêrmelding og livekamera. Og det er ikkje akkurat Bergensvêr der. Til nå har det enten vore snø eller strålende sol kvar dag. Det er vel slik det var her i Norge òg før?!?
Må sei eg er litt spent på om alt klaffer. Me har nemleg fiksa heile reisa og opphaldet sjølv. Ingenting har gått via reisebyrå. Så skulle noko skjere seg, har me ingen å klage vår nød til... Men, dette gjer det ekstra kjekt å reise òg. Og eg som er så dårleg i engelsk er enten nøytt til å enten snakke norsk-engelsk, eller prøve å friske litt opp i tysken. Kan bli god underhaldning for dei andre det ja:)
Om du skulle vere av typen som har lyst å følge litt med på ka vêr me har når me er der nede, er desse to linkene gode:
Livekamera frå St.Anton
Vêrmelding
Med på turen er:
Eirik: Fotograf og organisator
Ole Martin: Den einaste med slalom
Geir Allan: Fartsglad og energirik telemarkkøyrar
Nils Kjartan: Turens mest svoltne, med eit urokkeleg humør
Jan Erik: Eldstemann med teft i sporet
Sven: Minstemann med god kontroll og farleg latter
Bodil: Vår mest erfarne Alpeturist
Hanne Marte: Turens søteste jente med breie ski og svingteknikken inne
Ole Terje: Filmer og pådriver