25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

onsdag, februar 15, 2006

Tur til Turøy


Fram mot den 12. og 14.februar lyste butikkvindaugo mot oss: Husk morsdagen og din kjære på valentinesday... Raud er fargen som går igjen på dei fleste reklameplakatane. "Overask henne med gåver spekka med kjærleik", "gje henne den spesielle gåve", "rosene har aldri vore finare enn nå". Kunne holdt på i lang tid med å liste opp alle salgstriksa handelsnæringa bruker...

Men, kvifor skal alt koste penger, kvifor skal alt vere så glamourøst? Kva med å prøve noko så enkelt som å gi mor di eller din kjære ein dag som ho kan hugse og ikkje eit smykke som ho sjeldan får brukt fordi det bare passer til den raude genseren:) Kva med å gi ho ein dag som styrker familieforholdet, vennskapsforholdet eller parforholdet?

Eg må ærleg sei at det er kjekt å gi og få gåver. For all del!!! Men, desse dagane har blitt litt for kommersialiserte spør du meg. "Det enkel er ofte det beste," heiter det i reklamen for ein av dei store butikkjedane her i landet. Eg trur det er viktig ta seg ein slik dag samen med "jubilanten". Ein enkel, men kjekk dag der de får kose dykk i lag.

Tysdag hadde Hanne Marte og eg ein herlig båltur ut i Øygarden, nærare bestemt Turøy. Kan anbefalast på det varmaste. Og, treng du eit tips om kor det er ein live plass å tenne bål og holde litt varmen, er det bare å slå på tråden.

Ps: Viss du er jente og les dette, gjeld det sjølvsagt mot gutten også... Og hugs at det er farsdagen som kjem først:)

2 kommentarer:

Hanne Marte sa...

Takk for en veldig bra dag i går Ole!! Mykje bedre me en tur til Turøy med bål og stormkjøkenmat enn 100 raude roser og middag på restaurant!:) Uten tvil...Kan anbefale alle en tur dit ja! Digga dej;)

ane marie sa...

Dere ass... ;)

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...