
I helga vart det tid til ein tur heim til mor og far i Kvilldal. Det byrja å bli leeenge siden sist, så nå var det på tide med ei helg heime. Vêret viste seg frå ei praktfull side, og hausten hadde byrja med førebuing til vinteren. Å vere på hytta som ligg omringa av fjellbjørka som byrjar å gulne, der fossane gjer ein jamn og søvndyssande dur og der utsikta er eit speglblankt vatn med fjell rundt på alle kantar gjer noko med ein. Ei frihelg frå det daglege livet i Bergen. Ei helg der ein kan bruke mykje fysiske krefter i form av god veding og spikring mens dei mentale lagra blir fylte opp. Mor og far var visst også glade for å få minstemann heim ei helg, så det me fekk mykje god tid saman. Einaste som mangla var Hanne Marte og Anne Brit (søster).
Toggy fekk også mykje merksamd denne helga. Både frå meg og frå nabohunden... Frå meg fekk han kos, mat og tur, mens frå nabohunden fekk han mange dårlege og halvhjarta sjekketriks. Det er ikkje så lett med desse "damene" når dei er i løpetida si... Det toppa seg på lørdagskvelden når nabohunden stod utanfor døra heime og bjeffa og ulte for å få Toggy ut. Det vart derimot ei mindre gira tispe som sprang heim til garden hu kjem frå etter å ha fått høyrt frå hundeeigar kva han meiner om slike tisper som øydelegg kveldsroa i familien Sukka..
På matfronten vart det også ei frihelg frå dei litt enklare studentrettane. Herleg graut, heimelaga pizza og fårikål gjorde sitt til at eg i skrivande stund (søndag kveld) ikkje sit svolten igjen etter helga. Takk for maten!
Mor med eit litt uheldig uttrykk:) (Trykt utan tillatelse)Turmessig blei det ikkje dei lengste turane, men på lordag hadde eg ein fin liten fjelltur med Toggy. Høgdepunktet var nedturen, der me måtte komme oss ned ei bratt fjellside i blaute og utsletne joggesko str 45... Ein skal ikkje alltid ha dei lengste turane for å få litt kick i kvardagen
Slike helger må det bli fleire av. Betre avkobling skal ein leite lenge etter.