
Helgas tur blei ei fantastisk flott oppleving. Vêret var bare heilt utruleg, rundt 25 grader begge dagane. Lite minte om midten av september der me klatra i solsteiken på "Uteveggen" i Øygarden. For min del vart klatringa ei utfordring, då uteklatring med knøttsmå tak var nytt og uvant. Men, det er absolutt ei oppleving som gav meirsmak. Min gode makker Magnus Hatløy var tålmodig og lot meg bale på i veggen for å komme meg til topps.
Kvelden saman med Krikgjengen vart ein sosial og triveleg kveld. Det foregjekk ein intern "konkurranse" om å finne ordspel rundt temaet klatring, noko som blei eit høgdepunkt for fleire av oss:)





3 kommentarer:
*Kremt kremt*
Og hvem var det som skulle si fra når de ikke var hjemme på mandagkveld??
e nå haustferie... E ikkje i Bergen då, må du vite:) Nei, eg beklage for å ikkje ha sagt i frå. Får ta det sterkare igjen nå på mandag
Oppdatering kjære;)
Legg inn en kommentar