25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

søndag, september 10, 2006

Frihelg heime i Kvilldal


I helga vart det tid til ein tur heim til mor og far i Kvilldal. Det byrja å bli leeenge siden sist, så nå var det på tide med ei helg heime. Vêret viste seg frå ei praktfull side, og hausten hadde byrja med førebuing til vinteren. Å vere på hytta som ligg omringa av fjellbjørka som byrjar å gulne, der fossane gjer ein jamn og søvndyssande dur og der utsikta er eit speglblankt vatn med fjell rundt på alle kantar gjer noko med ein. Ei frihelg frå det daglege livet i Bergen. Ei helg der ein kan bruke mykje fysiske krefter i form av god veding og spikring mens dei mentale lagra blir fylte opp. Mor og far var visst også glade for å få minstemann heim ei helg, så det me fekk mykje god tid saman. Einaste som mangla var Hanne Marte og Anne Brit (søster).

Toggy fekk også mykje merksamd denne helga. Både frå meg og frå nabohunden... Frå meg fekk han kos, mat og tur, mens frå nabohunden fekk han mange dårlege og halvhjarta sjekketriks. Det er ikkje så lett med desse "damene" når dei er i løpetida si... Det toppa seg på lørdagskvelden når nabohunden stod utanfor døra heime og bjeffa og ulte for å få Toggy ut. Det vart derimot ei mindre gira tispe som sprang heim til garden hu kjem frå etter å ha fått høyrt frå hundeeigar kva han meiner om slike tisper som øydelegg kveldsroa i familien Sukka..

På matfronten vart det også ei frihelg frå dei litt enklare studentrettane. Herleg graut, heimelaga pizza og fårikål gjorde sitt til at eg i skrivande stund (søndag kveld) ikkje sit svolten igjen etter helga. Takk for maten!
Mor med eit litt uheldig uttrykk:) (Trykt utan tillatelse)
Turmessig blei det ikkje dei lengste turane, men på lordag hadde eg ein fin liten fjelltur med Toggy. Høgdepunktet var nedturen, der me måtte komme oss ned ei bratt fjellside i blaute og utsletne joggesko str 45... Ein skal ikkje alltid ha dei lengste turane for å få litt kick i kvardagen

Slike helger må det bli fleire av. Betre avkobling skal ein leite lenge etter.

4 kommentarer:

Siri og Eirik sa...

Sikkert godt å få en hjemtur ja. Du va jo nesten ikkje hjemma i sommerferien.
Du får ha ei forsatt fin uke i Bergen, så e d snart bare to uker te eg tar turen te dokke i Bergen. Glede meg.

Sildesotten sa...

Toggyyyyy! Glømme kje han...An va sikker veldi glae for at du hadde litt kvalitetstid med an i helgå :)
Lenge si me au he hatt kvalitetstid, får gjer någe med det snart!

Familien Sukka sa...

Ja, det ska bli kjekt Eirik. Du e hjarteleg velkomen til å bu her om du vil. Og te deg Silje, så e det nå reint for gale at eg ikkje har truffe på så lang tid. Kanskje me sko tatt ein drøs snart?!?

Irene sa...

åh.... så godt å få litt gode bilder frå heimbygdå. kjente d stakk litt inni meg nå, eg savne dei og det heima. ALT!

Kjekt at du tar deg turen heim og sprer godt humør.

Håpe eg ser deg snart!

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...