25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

mandag, januar 29, 2007

Lite ski og sosialt liv for tida


Det er ikkje alltid like kjekt å sjå ut vindauge, og sjå at dei kvite fillene lavar ned. I alle fall ikkje når det ikkje er tid til å bruke snøen. I Januar har me hatt ei stor oppgåve i Spesialpedagogikk som har tatt mykje av tida. Og når eg kjem heim står vaktmeisterjobben for tur. Ikkje like mykje å gjere kvar dag, men nok til at det ikkje blir tid til ski... Kan ikkje sei at det hjelper så veldig på å vite at mange fra vennegjengen her i Bergen er på ski heile veka nede i Sveits.


MEN... På fredag kl 14 leveres oppgåva inn, og det skal feirast med ski:) I helga dreg nemleg studentkrik på tur til Myrkdalen. To dagar med ski, masse snø og forhåpentligvis sol. Med på turen skal mi kjære Hanne Marte også vere med, og det skal bli kjekt å stå på ski i lag igjen.


Bildet er tatt på veg opp mot Såtå heime i Romjula.

7 kommentarer:

Hanne Marte sa...

Stå på kjæresten min!!! Ikkje lenge igjen til fredag no, gleda mej masse!!:)

Anonym sa...

Såto, meinar du?

Anonym sa...

Melding frå ny anonymous:

SÅTO!!

Rett ska vera rett!

;-)

Anonym sa...

Inni øvre suldal har me O-endingar på hokjønnsord og stadnamn...

Familien Sukka sa...

Beklager skrivefeil... Såto er vel det korekte namnet ja... Men, så lenge den som kommentere på denne sida ikkje våger å stå fram med namn, forblir stadsnamnet Såtå ståande...

Og viss det e du Kjetil, så ordne eg det ikkje ;)

Kjetil sa...

det e ikkje meg, i mårå e det ferie for meg. då ska eg heim t mor og far

Sigrid sa...

D va meg (den første anonymousen iallefall).. Så eg tøkje du sko retta på d..:) Kan ikkje sjå du har gjort d ennå. hihi. Såto, såto såto såto såto såto. D e trass alt eit stadnamn vettu.

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...