Nå nermar det seg full innsats på semesteroppgåva på KRL2-studiet. Eg har valt å skrive om Jihad, hellig krig. Eit veldig spennande og komplisert tema. Fekk veldig lyst å velge dette då eg byrja å lese litt om det i pensumlitteraturen.
Føler eg må fortelje litt om Jihad, slik at fleire kan få vite om dette begrepet:
Innanfor muslimsk tradisjon er det to ulike tydningar på Jihad, den store og den lille. Den store Jihad er den som kvar muslim skal strebe etter heile sitt liv. Det handlar om overenstemmelse med Gud (Allah) og å legge vekk sine eigne ynskje og tankar. Det er vanskeleg å samanlikne dette begrepet med noko i den kristne trua, men helliggjørelse må vere det begrepet som liknar mest. For at den lille jihad i det heile tatt skal kunne vurderast, må den store jihad vere "inntakt". Den lille jihad er den ein høyrer om på nyheitene. Det er den ein forbinn med 9/11, bombene i London og andre terrorhandlingar utførte av muslimer. Den lille jihad handlar om å beskytte Islam, om å kjempe for eit Islamsk styre, å kjempe mot den vestlige kulturen.
Mi oppgåve skal dreie seg om å studere ei sure (sure 9) i Koranen og sjå på ulike hendingar og styresett som har tatt utgangspunkt i desse versa. Koranen er på mange måter ambivalent til krig, til bruk av våpen og til den kampen som blir ført mot dei vantruande. Og med eit slikt ambivalent utgangspunkt, seier det seg sjølv at det er moglegheiter for ulik tolkning.
Viss du ikkje allereie har sovna av å lese dette, må du berre sette inn ein kommentar. Alltid kjekt å diskutere litt, lære i frå seg eller lære noko nytt.
4 kommentarer:
Takk for opplysningar!!! Kjempeinteressant tema du har valgt for oppgavå di!!!:) Glede meg te å ha KRL te neste år eg!!
kjenne eg har en liten jihad mot tanna mi idag, den yppar til krig, og eg vil krige tibake!
(dette var eit særs useriøst innlegg til ditt flotte tema,Ole. Beklagar dette).
Lika liv i bloggen, by the way:)
-Silje
Reknar med at det er den store jihad du slit med då, og ikkje den lille jihad...
Kjekt å sjå at dokken e innom sida mi. Så skal det bli kjekt å sjå ka eg får ut av dette temaet om hellig krig.
Den "lille" Jihad er ikke det du ser på nyhetene! Er glad du har tenkt/begynt å sette deg inn i dette,for her har du allerede bidratt til å spre misforståelse med utsagnet ditt. Håper du har brukt/bruker,og er svært nøye med hvilke kildehnvisninger du benytter deg av. Finnes dessverre altfor mange der ute,som bare vil Islam/muslimer vondt. Et lite tips til slutt: ikke benytt kun den norske oversettelsen i vurderingen din,ta også mere anerkjente oversettelser i bruk,eks. den engelske,dettte vil tjene alle best i lengden.
Fred være med deg !
Legg inn en kommentar