
På toppen var det faktisk eit par milimeter med snø... Og det skapte ei ekstra fin stemning. Når me også klarte å putte 5 kalde studentromper på eit liggeunderlag, var stemninga til å ta og føle på. At ein person fekk skikkelig føling kan ein kanskje undre seg på, for det var tydelegvis kjekkare å helle kakao over sitt eige lår enn å den i koppen. Eg har lova Hanne Marte at eg skulle ikkje sei det til nokon som helst kven det var som sølte, så då kan eg desverre ikkje sei kven det var...
Vel nede igjen, var alle enige om at me hadde hatt ein fin tur (klisjèer e til for å brukes) At Eirik skulle ha eksamen dagen etter, og at klokka var halv tolv før me kom oss heim, var tydeligvis ingen hindring. Om eg får komme med ei formaning eller oppfordring, så må det vere å kopiere denne "turideen". Kan anbefalast.
Takk for turen folkens