
Ikkje vart eg sjøsjuk, og ikkje trengte eg å ha lagt serviettar i lommeboka... Men, derimot vart flyturen ein heisatur utan like. Det er lenge sidan eg har stirra så intens ned i ein papirpose. Heldigvis slapp eg å fylle den med middagen eg og Hanne Marte hadde fått i oss før reisa... Men, hu som satt ved sida av meg og såg at anletet mitt blei kvitare og kvitare påstod at at eg var sveitt. Skjønar ikkje det:)
(For dei som skulle tru at eg har flyskrekk, må eg nok skuffe dei. Det er lite med det. Det var nok bare ein god del turbulens som skapte fest i indremsjonen)
Helga vart ei kjempe helg. Det er det lite tvil om. Heile vegen opp, satt eg å øvde ppå opningsreplikken til møtet med foreldrene til Hanne Marte. Eg skulle sei: Hei, så kjekt å få kome her, Hanne Marte har sagt så mykje fint om dykk. Har gledd meg mykje til å få sjå denne fagre bygda og dei flotte folka som bur her.#
Kva trur du eg sa? Hei, Ole her... (med tre-fire svelg mellom kvar bokstav) Det vart ikkje mykje til opningsreplikk. Men, kan tru eg blei godt motatt tross dei tynne orda i døropninga. På kjøkkenet venta herleg heimelaga pizza og god drøs.
For å gjere ei lang historie kort, så vart det ei helg med båttur, klatring, spel, eye-toy, strandtur i herlig vind, helse på masse folk og masse god mat. Hadde det utruleg kjekt. Og veldig kjekt å få møte familien til Hanne Marte. Blir kjekt å treffe dei igjen i romjula... (Satsar på at de har snø å tilby då...)
#For dei som ikkje er så skarpe på ironi, så hadde eg IKKJE tenkt å treffe "svigers" med å sei dette...
2 kommentarer:
Heisann.
Hørres ut som du koste deg, og det e kjempe bra. Glede meg te det forhåpentligvis snart e min tur te å møte Hanne Marte.. ;)
Gla i deg!
Klem fra Søss..
Å!! Du sko ha sagt d Ole! D va no heilt kongelie replikka! Dei ha smelta umiddelbart;)
Gler mej stort t du kjeme opp i jula, Ole! so fe du sjå kor kjekt me he d me venna me, i tillegg t familie, so du no he fått en smakebit ta;)
Legg inn en kommentar