25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

fredag, november 11, 2005

Oops, eg ska ut å køyre båt...

Sett deg inn i dette scenarioet:
Du og kjæresten din skal på tur. Målet er "svigers", og det er første gong du skal møte dei. Alt ser bare såre vel ut. Sekken er pakka, og skulebøkene er lagt igjen heime. Det er då du plutselig kjem på at du faktisk skal ut å køyre båt i dag... Hadde det nå bare vore Sandsfjorden med fjell på alle kantar, men nei du skal faktisk ut på havet. Heldigvis har du internett og får mulghet te å sjekke opp vêrvarslinga. Det er nå ikkje vits å uroe seg utan grunn.

Det må vere feil, det står 20 på vindpila. Det er sikkert ein spøk frå ein av meterologane som er klar for ei etterlengta helg. Sjølvsagt skal det stå 2, og ikkje 20... Ja, dei kan spøke desse meterologane. Det einaste som ikkje er tort der inne er humoren. Den skal dei ha...

I god tru har du pakka vanlege klede og klatreutstyr. Ein treng ikkje ha tjukke klede med seg når du skal til Sunnmøre. Det einaste som må vere tjukt her, er den berømte lommeboka. Skal du få innpass hjå ein Sunnmørsfamilie trengs det to ting, har eg høyrt: Ei tjukk lommebok, og ei bukse utan hol i lommen.

Med skalljakke som er tynn nok for ein mild haustdag litt nord for 62g nord, og ei lommebok som er putta full av gamle serviettar som du har ofra frå samlinga di, set du avgarde mot Ingolf Håkon Teigene sitt heimland...

Framhald følgjer...

1 kommentar:

Irene sa...

ja, gler meg t å hørra fortsetjinga! stå på gutt! Alltid kjekt å høyra frå deg, vett du! Stor klem

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...