25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

torsdag, november 24, 2005

Militærprat


200782 Sukka, Ole Terje- Søknad vedrørende utsettelse med repitisjonstjeneste grunnet utdanning-innvilget- høgskole

Må æreleg si det kom som ei stor verasking tidlegare i haust. Korporal Sukka var kalla inn til repetisjonsteneste. Under Nato-øvelsen Cold Respons 2006 skulle eg vere i skarp beredskap med min gode gamle MB300. Slik tenkte i alle fall desse offiserane i Vernepliktsverket. Men den gang ei, tenkte eg. Hadde det nå bare vore ei veke der oppe i nord, så hadde det vore ei fin oppleving og erfaring å ta med seg. Men nei... Desse stjernefylte mannfolka med pondus ynskte meg velkommen til heile 17-18 dager i indre Troms.

Høyres det gunstig ut i forhold til studier og ski-sesongen? Neppe... Så då vart det til å oppsøke studiekontor og få lærar til å skrive attest om at det var nødvendig å vere tilstades på undervisninga. For min del måtte eg skrive ein smiske-søknad utan like.

Og i dag 23.november kom brevet... Under punkt 2 står det:
Drøfting
"Din søknad vedrørende utsettelse med repetisjonstjenste er innvilget og den tilsendte innkalling annuleres(...) Du vil tidligst bli innkalt til repetisjonstjeneste 30.06.2006"
Det er herlig å få slike personlige brav ein gong i blant...

5 kommentarer:

Hanne Marte sa...

No blei i alle fall ej glad!! Bra du helde dej i snøfulle Bergen;)

Kristian sa...

Nei, kom igjen. Ferie i nord med masse skyding og sammenlapping og teltkos. Må komma deg ud litt, ikkje bare ligga på sofaen heima Ole ;)

Anne Brit sa...

Så du ville ikkje dra fra Hanne Marte nei? Jaja, eg skjønne vel det.. Kunne jo vært ei grei erfaring å ha med seg da.. :)

Familien Sukka sa...

Visste det ville komme nåken som påstod at eg e slapp ja:) Eg må ærlig sei at det frista ikkje så masse med den øvelsen nei... Spesielt ikkje itte at eg hadde prata på telefon med kaptein Charles Eirik Mc Donald Gerhardsen (ja han hette faktisk det...) Han sa at det truleg blei eit par hektiske dager i begynnelsen og slutten, og ellers kom det til å bli venting på skarpe oppdrag. Kan ikkje sei at det frista så veldig med 12-13 dager ventetjeneste i lagstelt... Men, ferie i nord hadde gjort susen ja. Du e ikkje kalt inn du vel?

Kristian sa...

Nei, men eg dimma jo for 3 måneder si, så blir ikkje d litt drøyt. Tvile på eg blir innkalt i det heila tatt, skipet er ute av marinen. Mer sannsynelig med heimevernet då, men der e d vel BARE venting...

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...