25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

fredag, november 25, 2005

"Pannelykttur" til Løvstakken

Torsdag kveld var det tid for pannelykttur til eit av våre sju fjell(knauser) her i byn. Vêret viste seg frå ei av sine beste sider, og humøret var på topp. Heile 5 spreke norske ungdommer klarte me å skrape saman på kort tid. Og oppover bakkane mot varden på toppen gjekk det rektig så radigt.Kun avbrutt av eit par fall på glatta og eit par latteranfall etterfulgt av desse falla. Det skal seiast at me gutane lo ikkje. Me tykte kun dette var tåpeleg, og prøvde heller å få desse lattermilde jentene til å gå litt fortare. Når ein er på tur skal ein gå og ikkje le. Le det kan ein gjere når ein ser på film... (Tipper at halvparten av dei som les dette ikkje ser at dette var ironi.)



På toppen var det faktisk eit par milimeter med snø... Og det skapte ei ekstra fin stemning. Når me også klarte å putte 5 kalde studentromper på eit liggeunderlag, var stemninga til å ta og føle på. At ein person fekk skikkelig føling kan ein kanskje undre seg på, for det var tydelegvis kjekkare å helle kakao over sitt eige lår enn å den i koppen. Eg har lova Hanne Marte at eg skulle ikkje sei det til nokon som helst kven det var som sølte, så då kan eg desverre ikkje sei kven det var...

Vel nede igjen, var alle enige om at me hadde hatt ein fin tur (klisjèer e til for å brukes) At Eirik skulle ha eksamen dagen etter, og at klokka var halv tolv før me kom oss heim, var tydeligvis ingen hindring. Om eg får komme med ei formaning eller oppfordring, så må det vere å kopiere denne "turideen". Kan anbefalast.

Takk for turen folkens

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ole! Bra blogg gitt! Kjekt med masse bilder! Jeg holdt på å le meg i hjel når jeg leste 16 november-innlegget.. Tårene trillet og har egentlig vippet over til latterkrampa, som sitter i halsen no.. ser det for meg gitt!!! :):) Keep on!

Familien Sukka sa...

Veldig kjekt å høyre Ellen. Ja, det var litt av ein heisatur opp te Sunnmøre det der... Men, det vart fort gløymt.

ane marie sa...

ole dole doff - jeg blir med neste gang;)

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...