25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...
onsdag, november 16, 2005
Trur du scenarioet slo til?
Ikkje vart eg sjøsjuk, og ikkje trengte eg å ha lagt serviettar i lommeboka... Men, derimot vart flyturen ein heisatur utan like. Det er lenge sidan eg har stirra så intens ned i ein papirpose. Heldigvis slapp eg å fylle den med middagen eg og Hanne Marte hadde fått i oss før reisa... Men, hu som satt ved sida av meg og såg at anletet mitt blei kvitare og kvitare påstod at at eg var sveitt. Skjønar ikkje det:)
(For dei som skulle tru at eg har flyskrekk, må eg nok skuffe dei. Det er lite med det. Det var nok bare ein god del turbulens som skapte fest i indremsjonen)
Helga vart ei kjempe helg. Det er det lite tvil om. Heile vegen opp, satt eg å øvde ppå opningsreplikken til møtet med foreldrene til Hanne Marte. Eg skulle sei: Hei, så kjekt å få kome her, Hanne Marte har sagt så mykje fint om dykk. Har gledd meg mykje til å få sjå denne fagre bygda og dei flotte folka som bur her.#
Kva trur du eg sa? Hei, Ole her... (med tre-fire svelg mellom kvar bokstav) Det vart ikkje mykje til opningsreplikk. Men, kan tru eg blei godt motatt tross dei tynne orda i døropninga. På kjøkkenet venta herleg heimelaga pizza og god drøs.
For å gjere ei lang historie kort, så vart det ei helg med båttur, klatring, spel, eye-toy, strandtur i herlig vind, helse på masse folk og masse god mat. Hadde det utruleg kjekt. Og veldig kjekt å få møte familien til Hanne Marte. Blir kjekt å treffe dei igjen i romjula... (Satsar på at de har snø å tilby då...)
#For dei som ikkje er så skarpe på ironi, så hadde eg IKKJE tenkt å treffe "svigers" med å sei dette...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008
Bloggarkiv
-
▼
2005
(19)
-
▼
november
(13)
- "Pannelykttur" til Løvstakken
- Militærprat
- Tur opp på Ulriken
- Fint vær i Bergen...
- Trur du scenarioet slo til?
- Oops, eg ska ut å køyre båt...
- Ein kort liten quiz...
- Snart på veg te familien Grimstad
- Lite med premier på oss:(
- 71g Nord i Astrupsvei
- Du må bli med å klatre!
- Kjæresten min
- Eg må vel følge med i tida eg òg...
-
▼
november
(13)
Links
Om meg
- Familien Sukka
- Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...
2 kommentarer:
Heisann.
Hørres ut som du koste deg, og det e kjempe bra. Glede meg te det forhåpentligvis snart e min tur te å møte Hanne Marte.. ;)
Gla i deg!
Klem fra Søss..
Å!! Du sko ha sagt d Ole! D va no heilt kongelie replikka! Dei ha smelta umiddelbart;)
Gler mej stort t du kjeme opp i jula, Ole! so fe du sjå kor kjekt me he d me venna me, i tillegg t familie, so du no he fått en smakebit ta;)
Legg inn en kommentar