25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

mandag, juni 12, 2006

Synd at det ikkje blei streik...

Ja, eg er faktisk ein av dei som håpte på streik blandt bankansatte. Du trur kanskje eg er litt tullete nå, men eg skal prøve å forsvare meg.

Tenk deg ei veke uten mulighet til å handle meir enn akkurat det du trenger. Tenk på ei veke der du faktisk må ta sykkelen eller beina fatt fordi at du ikkje kan kjøpe bensin. Tenk deg ei veke der rekninger kan ligge å forfalle uten at du trenger å bekymre deg for at kemneren kjem for å riste deg i skjorta. Eg kunne nevnt mange fleire eksempler på konsekvenser av ei bankfri veke.

Har du tenkt over kor mykje som blir styrt av banktjenester her i vårt samfunn? Det seier ganske mykje når finansminister Bjarne Håkon Hansen forlanger tvungen lønsnemnd før streiken har kome i gong. "Samfunnet ville lammes så godt som umiddelbart," seier han i eit intervju med n24.no. Då tenkjer eg: Er me så avhengige av banken at me ikkje kan klare oss utan desse tenestene i ei veke? Eg veit det kan høyrast veldig romantisk og naivt ut, men kvifor ikkje prøve ei slik veke ein gong i året? Truleg alt for urealistisk tanke, eg veit det. Privatøkonomien var nok ikkje det som hadde blitt mest råka. Og når eg ikkje eig eit firma eller jobber med å betale ut trygd, bør eg kanskje ikkje uttale meg. Likevel trur eg mange hadde hatt godt av å kunne flytte fokuset over på noko anna enn penger ei lita veke i året.

Viss ein skulle hatt ei slik veke i året, kunne ein f.eks gjort dette:
-Besøkt naboen med kveldsmat medbrakt
-Hatt bilfri veke og gratis sykkelvask på bensinstasjonene
-Bygd om torgallmenningen til eit stort torg der alle kunne byttehandla mat og andre viktige eller mindre viktige "råvarer"
-Reist på fjelltur med fiskestong og poteter frå eigen hage (eller som du hadde fått bytta til deg under dei store torgdagene nede på Torgallmenningen)
-Lånt kajakk av Sigrid (naboen) mot å stå i siloen ein dag


Det er mange ting ein kan finne på ei veke uten penger.Har du forslag til kva ein kunne funne på denne eine veka i året? Skriv gjerne inn tips.

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...