25 år, nygift, aktiv, kristen og glad. Det er visst meg i eit nøtteskall. Eg stortrives med alt som skjer ute, det meste som skjer inne, mykje av det som skjer på nyheitene, men lite av det som skjer med alderen...

fredag, juni 02, 2006

Bryllup neste sommar



Nå er det bestemt. Det blir bryllup neste sommar den 14.juli...

Nokre vil kanskje tenkje at det er alt for tidleg å bestemme dato for bryllup over eit år på førehand. Men, det er faktisk ikkje slik lenger. Allereie når me ringde presten for eit par veker sidan, var 7.juli oppteken. Det er sikkert ein fin dato å gifte seg det. Gjer seg sikkert med 07.07.07... Nokre seier at det høyrer lukke med til slike dager. Men, eg tenkjer nå at slik overtro skal ein ikkje bygge eit ekteskap på. Då er det mykje betre å gifte seg den 14.07.07. Set ein summen av desse talla saman, får ein 19, som er det kjente talet for kjærleik i gresk mytologi.

Historia kjenner me vel alle om den stakkars Efrodate som budde i den 19.etasjer høge trehytta. Utan nokon form for kontakt med omverden låg ho og drøymde dag ut og dag inn om å finne den store kjærleiken. Dagar gjekk, veker gjekk og år forsvann i horisonten før hu endeleg høyrde ein lyd frå bakken. Langt nede kunne ho skimte omrisset av ein vakker ung prins med navn Loverens. Kjærleik med første blikk, tenkte Efrodate der ho sat lenka fast oppe i trehytta. "Om han berre kunne kome opp her, og befri meg frå singeltilværelsen," mumla Efrodate mens ho byrja å stelle håret i tilfelle draumeprinsen skulle klare å kome heilt opp til hytta. For å gjere ei lang historie kort enda dette med bryllup, og sidan den dagen har talet 19 vore eit magisk tall for alle som kjenner at hjarta bankar litt fortare når ei spesiell jente eller ein spesiell gut nærmar seg.

10 kommentarer:

Øyvind sa...

Sei, d igjenn ej! D e so KJEKT ditta her! 14. juli e en bra dag, da hadde ho mormor bursdag me! :) Vi ser vell i morga! Klemm

Anonym sa...

Dette ser bra ut ja,glede meg!!

ane marie sa...

Ole du er rar....! Hahaha:D

aasen sa...

Ole, eg har byrja å tvile litt på mattedugleiken din...
Men kjærleiken tvilar eg aldri på - der her du allereie vunne, og kjem til å halde fram med det i all dykkar tid:)

Øyvind sa...

Heisann Ole!
Eg deler min tvil med Magnus her. Det vert sagt at mattedugleiken på lærarskulen har vorte lågare dei siste åra, men at det var så ille var eg ikkje klar over... 14+7+7 er vel 28 og ikkje 19? Ellers må eg seie at eg gler meg storvegs til neste sumar! Og gratulerer igjen! Kos dykk ikveld!

Synnøve sa...

Ein må vel vera frå Kvilldal for å forstå matte... 14.07.07 e jo sjølvsagt 19.

1+4+0+7+0+7=19 :)

Så d så.
Blir nok ein bra sommar i 2007. :)

Familien Sukka sa...

Godt å sjå at Kvilldølen e meir oppvakne enn ferister frå Sunnmøre:) Tverrsummen er 19 ja:) Ellers e det knall å få så kjekke kommentarer frå alle hold. Og for dei som ikkje veit kva ein ferist e, får dei tenke litt ekstra om. Eit lite hint: Sommar

Hanne Marte sa...

Visst du trur at vi Sunnmøringa ikkje veit ka ei ferist e so må du nok tenke omatt!!! og by the way: ej tok matta(men begynne vel kanskje å få litt Kvilldals-blod i mej;) ???)! Klem frå Afrodate til dej min kjære Loverans:)

Familien Sukka sa...

for å gjere det heilt klart, så kan ferist ha to tydningar: Ferist, som i eit vegskilje for dyr ute på beite. Eller ferist, som i skulefri. Då er ein "ein ferist". Så kan me få denne saka ut av verda:) I tilfelle nokon skulle føle seg trakka på i denne saka, beklager eg sterkt. Ps! Eg liker godt Sunnmøringer:)

Siri og Eirik sa...

Det blir bra.
Skal sette av dagen allerede. ;)

Trur du at Ole klarer minst ein skitur i mnd i Heile 2008

Om meg

Frisk luft er noko alle set pris på. Det gjer godt, ein blir i betre humør og ein har tid til kvarandre. Så var det å få det til då... Vi ynskjer å ha ein blogg som kan inspirere til å kome seg ut i ein travel kvardag. Vi seier ikkje at det er lett, eller at vi alltid får det til., men godt gjer det...